16/03-2015:
Ny programserie:
Reporter Knut Magne Momrak frå Fyresdal har laga ein serie på åtte program der han har besøkt personar som har valt å flytte heim att til Vest-Telemark etter ein periode ute. Han har kalla serien "Eg vil bu i Vest-Telemark". Programma blir sendt måndagar og onsdagar kl 21 (etter bingoen).

I det fyrste programmet som blir sendt måndag har me tatt turen til den splitter nye næringsparken i Fyresdal, både for å snakke om prosjektet "Flytte Heim", samt høyre om kva slags fordelar og utfordringar ein har med å kome frå bygda. Fyresdal kommune har i fleire år hatt ei tydeleg utflyttingsrate. Nå har dei iverksatt tiltak for å få sine bebuarar tilbake.Me blir også kjent med ein som valde vekk bylivet og flytta heim att. I kvart program har han også spurt folk på gata i Oslo om kva som skulle til for at dei ville flytte til ei bygd. Klikk her for å høyre fyrste program i serien

LUKK