10/09-2012:
Dyrskuradioens tilbod 2012
Helsingar, musikkønskje og anna stoff kan sendast på SMS til Dyrskuradioen når som helst. Kodeord: dyrsku + melding, send til 1963. Her er programoppsettet:

Til og med torsdag: Litt førehandsomtale, dyrskureklame, nyheiter og god musikk. 08-21 kvar dag i Dyrskuhelga: Dyrskuplassen direkte der radioreportarane fangar Dyrskustemninga, parkerings- og handletips, og anna nyttig publikumsinfo, topp musikk, portrettintervju og reportasjar. Radiostaben: Helge Reinholt (red.), Mikkel Aanderaa, Knut Magne Momrak og Henning Torp. Siste nytt kvar heile time. Om natta: God dyrskumusikk, intervju i reprise og handletips. (Helsingar, musikkønskje og anna stoff kan sendast på SMS til Dyrskuradioen når som helst. Kodeord: dyrsku + melding, send til 1963.) Fredag kl 21: Buskspel direkte. Musikk for godt vaksne med Terje Welle Busk og Helge Reinholt i studio. Lyttarane kan kome med helsingar. Laurdag kl 21: Dyrskulaurdag på direkten, med Mikkel Aanderaa, Knut Magne Momrak m.fl i studio. Lyttarane kjem med helsingar og musikkønskje, og det blir gjester i studio.

LUKK