SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Ein arbeidsplass til tre millionar

Eller rettare; seks arbeidsplassar til 18 millionar. Det er dei siste skutene i bussflåten til Telemark bilruter.


Knut Espelid
knut.espelid@vtb.no

Fredag viste Svein Olav Straand, direktør i Telemark bilruter (TB), og Magnus Gulliksen, salssjef i Volvo Norge, stolt fram nymæringane. Dei går naturlegvis inn i ekspressrutene, fire i Telemarkekspressen mellom Seljord og Tønsberg, to i Grenlandsekspressen mellom Skien og Oslo.
Medrekna Haukeliekspressen syter ekspressbussane for 70 prosent av busstransporten for TB, og om lag 75 millionar kroner, eller 60 prosent av omsetninga. I fjor frakta ekspressbussane til TB 600 tusen passasjerar, opplyser Straand.
Kvar ekspressbuss rullar mellom 160 000 og 180 000 kilometer i året.

– TB er spesiell

Magnus Gulliksen frå Volvo Norge seier Telemark bilruter er spesiell.
– Statistikk sidan 1962 viser at det jamt over blei kjøpt 400 nye store bussar i Noreg i året. I 2006/-07 kom anbodsprinsippet inn i næringa. Salet auka til 1000. Seinare har det avteke att. Anbod gjer at bransjen er meir usikker, selskapa ventar med å investere i nytt. Det er mindre investeringar utanom dei som vinn anboda. I år ligg det an til å bli kjøpt 650 nye bussar, forklara han.
Ekspressrutene til Telemark bilruter går på eigen kjøl, er ikkje underlagt anbod. Derfor styrer selskapet desse rutene – og investeringane sjølve.
– Det er ikkje mange selskap som TB, seier Gulliksen.
TB køyrer skuleruter på kontrakt for fylkeskommunen. Der brukar dei ofte bussar som har gått ut av ekspressflåten. Det er òg spesielt at fylket gjev løyve til det.
– På den måten får elevane betre bussar enn dei elles ville fått, seier Straand.
I den ferske handelen sel TB fire av dei eldre bussane til Volvo, som igjen sel dei i Finland, opplyser Gulliksen.

Pris og produkt

TB har gjennom åra stort sett køyrt Volvo- og Scania-bussar. At begge desse er representert i nærleiken, Volvo i Åmot og Skien, Scania i Brunkeberg og Skien, betyr mykje for selskapet.
– Til grunn for investering i nye bussar ligg kombinasjonen av pris og produkt, og god ettermarknad. Det er ikkje alle merke som kan levere den kvaliteten me vil ha på bussane, seier Straand.
Magnus Gulliksen skryter av bussane, med understell og motor bygde i Sverige, karosseria i Finland. Dei har plass til 47 passasjerar, er universelt utforma med rullestolheis og plass til å feste rullestolar like sikkert som dei faste passasjerseta. Dei har trådlaust nettverk og straumkablar for å kople til pc, telefon og liknande.
Passasjerane skal få gode forhold i dei nye bussane, lovar leverandør og TB-direktøren.
– Dessutan er dei i samsvar med krav til utslepp nesten frie for partikkel- og nitrogenoksidutslepp, skryter Volvo-salssjefen – som med eit smil understrekar at han ikkje er heilt objektiv om bussane …
På spørsmål om elektriske bussar, trur både han Straand det er lenge til ekspressbussane vil bli elektriske. Men Gulliksen ser føre seg at ein type hybridbussar kan vera aktuelle om nokre år.

Fornøgde sjåførar

Før bussane er sett i rute var det bare nokre få sjåførar som fekk prøvekøyre, frå Skien til Seljord. Men tilbakemeldingane er at sjåførane er svært godt nøgde, kan Straand melde. Også for dei er det gode forhold bak rattet.
Dessutan, med hendingar som den på Valdresekspressen for ei tid sidan: Bussane er utstyrde med 4–5 overvakingskamera, og bilda blir lagra ei tid slik at ein kan sjå dei dersom det har vore ein eller annan episode.
– Å vera bussjåfør er å ha kontakt med folk. Me vil ikkje setja sjåførane i glasbur, det skal vera nærleik mellom passasjer og sjåfør, seier Straand.
Han legg til at sjåførane i dag har lite kontantar i veskene sine. Meir og meir billettsal skjer på internett, eller med kort. Heile 50 prosent av billettane til Haukeliekspressen er via nettet, opplyser Straand.