SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Slår golfballane på vatnet

På Fossøy i Vrådal lærer ein å spela golf ved å slå ballane utover vatnet.


Anne Sofie Tresland
anne.tresland@vtb.no

Noko område for opplæring og øving i golfspel med lange golfslag, som kan vera frå 50 til 200 meter lange, er visstnok ikkje mogeleg å få til på landfast område på Fossøy i Vrådal. Difor blei det laga til eit øvingsområde i bukta mot Fossøytjønna, der ein slår ballane utover vatnet. For å samle opp golfballane blei det som ei prøveordning lagt ei lense over vika. I den nye reguleringsplanen for Fossøy, som er ute på høyring no, er det gjort framlegg om at lensa skal bli ei permanent ordning.
Lensa er eit plastrøyr med underhengande «skjørt» i gummi. Ho er festa til land i båe endar og i den ytre bogen med moringar til botnen i ei djubde på 14 til 15 meter.
Kviteseid kommune er positive til lensa.
– Det er ikkje vanskeleg å sjå behovet for eit øvingsopplegg, og lensa vil vera naudsynt for eit miljømessig forsvarleg opplegg. Samstundes er det positivt at lensa tydeleg vil markere fareområda frå sjøsida. Prøveperioden har ikkje gjeve negative erfaringar, skriv sakshandsamar Sveinung Seljås på det interkommunale plankontoret for Nissedal og Kviteseid.

Sti rundt Fossøytjønni

I framlegget til reguleringsplan ligg også bygging av ein gangveg langs nord- og austsida av Fossøytjønni. Denne er tenkt lagt til strandsona, det vil seie i sona for høgste regulerte vasstand for tjønna og Nisser; 246,76 meter over havet. Vegen skal vera ein universell utforma tursti i høve til toppdekke og stiging, det vil seie at vegen skal vera tilrettelagt for rullestolbrukarar.
– At stien blir flytta ned i starndsona kan vera positivt ut frå det søkjaren nemner om hindring av erosjon i reguleringssona. Samstundes vil inngrepet i strandsona få form av å vera meir uoppretteleg, og kan gje større endringar i flora og fauna. Men inngrepet kan forsvarast for å gje meir plass til byggjeområde mellom tjønna og vegen, skriv Seljås.

6 nye hytter

Hittil har Kviteseid kommune gjeve byggjeløyve for fritidsbustadar på 19 av til saman 57 plangodkjende tomter på Fossøy. Kommunen har lagt vass- og kloakkleidningar til øya, og alle hyttene pliktar å kople seg til desse. I den nye reguleringsplanen blir byggjeområda utvida med 6 nye tomter.
– For framtidig drift av golfbannen er det viktig med fleire golfspelande hyttebrukarar. Av dei siste fem selde hyttene har alle ein eller fleire golfspelarar blant brukarane, opplyser ingeniør Tor Eia i planomtalen.
Frist for merknadar eller uttaler til planen er sett til 15. oktober.