SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Skotpremie på gauper

Då frustrasjonen rann over etter tap av mange lam til gaupa, innførte sauebonden Aslak Momrak-Haugan skotpremie på rovdyret.


Ufs/Hagen
vtb@vtb.no

I fjor mista Aslak Momrak-Haugan 22 av lamma som blei sendt på beite i Åslandsheia i Fyresdal. Det var 35 prosent av lamma hans.
– Eg gjekk i uvissa om kvar lamma var, blei hjelpelaus, leita mykje, men fann ingen ting. Gaupa var hovudårsaka til tapet, seier bonden.
Han fekk dekt 12 lam fordi Fylkesmannen antok at dei var tatt av gaupa.
Momrak-Haugan blei så frustrert og oppgjeven over å miste så mange lam at han tenkte noko måtte gjerast.
– På eit planleggingsmøte før gaupejakta sist vinter var eg litt stor i kjeften. Eg lova eit lammeslakt i skotpremie til den eller dei som skaut gaupe i Fyresdal i løpet av jakta. Ingen tok det vel heilt seriøst, men eit ord er eit ord, smiler bonden.

Langt færre tap

Lovnaden kom rundt ei tid bonden hadde gaupe inntil huset og på stabburstrappa i Hauggrend, viste spor i snøen. I jakta blei det skote ei gaupe i Fyresdal, og dermed måtte bonden be om eitt slakta lam ekstra i retur frå slakteriet etter at husdyra var kome att frå årets heibeite.
– Jegeren fekk kortreist lammekjøt rett frå fjellbeite og var veldig fornøgd, seier bonden etter overrekkinga av den firbeinte og flådde skotpremien.
Det var ikkje med heilt god kjensle bonden i vår på ny sende saueflokken til Åslandsheia. Om det store tapet kom til å halde på, måtte han vurdere ei anna løysing.
– I år tenkte eg at sender me lamma rett i gaupekjeften? Er det greitt med den uvissa som me har, spør Momrak-Haugan.
Det viser seg etter heimsankinga at beitesesongen ser monaleg betre ut enn i fjor. Førebels manglar bonden bare 4 av dei 70 lamma som blei sendt til fjells. Momrak-Haugan meiner det er fleire årsaker til det reduserte lammetapet denne sesongen. Beitelaget investerte i satellittbjøller for å kunne fylgje betre med kvar dyra er. Bjøllene sender signal via satellitt, og er derfor ikkje avhengig av mobildekning.

Gaupe nær heimebeite

– Ein stor takk til Fylkesmannen som imøtekom søknaden vår om stønad til bjøllene, og som gjorde prosjektet mogleg. Bjøllene sender signal to gonger i døgnet. På den måten kan me setje inn tiltak om me ser dyra nærmar seg eit område som ein veit er utsett for gaupe, seier Momrak-Haugan.
Eit anna innslag som kan ha vore førebyggjande er eit intensivert tilsyn i sommar. Grethe Momrak-Haugan har hatt mange turar i heia.
– Mor mi har gjort ein kjempeinnsats med opp til tre turar gjennom beiteområdet kvar veke. I beste fall blir gaupa litt meir usikker når det stadig er folk i området, seier bonden.
Han tvilar på at gaupesituasjonen blir enklare å gjere med neste år, for nokså nyleg tok viltkameraet hans bilde av ei gaupe 500 meter frå sauene på heimebeite.
– Gaupa har ikkje vore på sauene heime, men det er skvær tomt for rådyr i området, seier Momrak-Haugan.

Fri gaupekvote

Han meiner at med den låge fellingskvoten på gauper som er for Fyresdal saman med ein del andre kommunar, er ein prisgjeve flaks om det dett slike rovdyr i kommunen. Sjølv har bonden ikkje ofte moglegheit til å vere med på vinterjakta på villkatten.
– Då er det moro å gje litt attende til dei som brukar tid på dette. Det blir tilsvarande dusør til den som feller gaupe også neste jakt. Det er betre med eitt lam til gaupejegeren enn 20 lam til gaupa, så kostnaden er minimal, seier Momrak-Haugan.
– Men om det blir skote til dømes tre gauper i Fyresdal?
– Då blir det tre lam. Eg står inne for det, svarar bonden.
– Om forvaltinga kan gje oss ein fellingskvote som harmonerar med gaupestamma i området, skal eg gjerne stå for skotpremien, held han fram.
Han håpar på ein situasjon der han i beitesesongen slepp å leve i uvissa om kvar sauene er og korleis dei har det, og det å leite etter noko han ikkje ein gong veit om lever. Men då må talet på gauper ned.
– Gaupa er så vanskeleg å jakte på. Med fri kvote dei to månadene jakta varer hadde ein ikkje klart å utrydde gaupa, seier Momrak-Haugan.

– Demonisering av rovdyra

Organisasjonen Noah vil undersøke om skotpremien til fyresdalsbonden er lovleg. – Uansett er det svært problematisk, seier leiar Siri Martinsen.
Dyrevernorganisasjonen Noah reagerer på sauebondens utlysing av privat skotpremie på gaupe.
– Fyrst og fremst fordi me meiner skotpremie er problematisk i seg sjølv. Ein skal ikkje få nokon gevinst for å skyte dyr. Det aukar mellom anna risikoen for skadeskyting. Ekstra spesielt er det når det gjeld dyr på raudlista, som gaupa, seier leiar i Noah, Siri Martinsen.
Viltlovas paragraf 51 seier fylgjande: «Skuddpremie kan bare fastsettes for viltarter som har jakttid og som gjør skade. Fastsettelse av skuddpremie trenger godkjennelse av fylkeskommunen eller den fylkeskommunen i samråd med direktoratet gir fullmakt.»
Martinsen opplyser at Noah har klaga inn fleire saker som liknar saka i Fyresdal, og fått medhald i at somme av dei har vore lovstridige. Dei vil no sjå nærare på denne aktuelle saka.
– Saker som denne underbygger skadedyrhaldninga til dei store rovdyra, seier Martinsen.
– Her hadde gaupa tatt minst 12 lam på ein sommar?
– Ingen dyr er skadedyr. Alle dyr er dyr. Problem som oppstår på grunn av menneskeleg aktivitet kan løysast. Det er slett ikkje bra at lam går på beite på ein slik måte at dei blir tekne av rovdyr, seier Martinsen, og legg til:
– Bonden har ansvar for å beskytte flokken – men ikkje ved å demonisere ville dyr. Det er mange, både i Noreg og resten av verda, som får til å drive med beitedyr utan slike problem.