SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

– Set nettgrenser for unge

Veit foreldra kva eigne barn og ungdom driv med på internett? Eller talet på timar unge er på sosiale medier kvar dag? Eller om nettene?


Geir Ufs
geir.ufs@vtb.no

Årets nasjonale kampanjeveke i skulen har hatt søkjeljos på nettvett og digital mobbing. I Nissedal blei alle foreldre til skulebarn inviterte til foredrag i fleirbrukshallen i Treungen. Vidar Mathisen frå Barnevakten.no tok opp tema som nettvett, spel, aldersgrenser og digital mobbing.
Tidlegare på dagen hadde Mathisen vore innom mellomsteget og ungdomstrinnet på Tveit skule for å snakke med elevane om nettbruk. Blant ungdomane stilte han mellom anna eit spørsmål om talet på timar dei bruka om dagen på internett.
– Då eg kom til sju timar stoppa eg å spørje. Det var framleis nokon som heldt oppe handa, sa Mathisen på foreldremøtet.

Må fylgje med

– Gjev du barn og unge spel med 18-årsgrense, spurde Mathisen.
– De tek store sjansar med psyken til barna ved å la dei spele slikt som ikkje er for denne aldersgruppa. «Det er då ikkje så skummelt». Det sa dei til meg på ungdomsskulen her i dag, sa Mathisen.
Han la til at blant landets unge er det nokon som spelar også etter at foreldra har lagt seg.
– Barn kan spele fram til ein time før dei blir vekt om morgonen. Kor mange unge brukar denne om natta, spurde Mathisen, og vifta med mobilen i lufta framføre dei i salen.
Han oppmoda foreldre om å engasjere seg, og setje seg inn i nettaktiviteten barna brukar tid på.
– Når de slepper dei på nett må de fylgje med. Det er barna dykkar det gjeld. De spør korleis dei har hatt det på skulen, trening og anna. Men på nett? Nei!
Mathisen la til at foreldre aldri bør sjekke mobilen eller data til dei unge utan at dei sjølve er der.

Det beste filteret

Mathisen oppmoda foreldra om å lage avtaler for tidsbruk på nettet.
– Still krav og bestem. Må du ta frå dei mobilen om natta, bør du ta den kampen. De må vere tøffe og setje ned beina, så dei unge får den maten, treninga og anna dei treng, sa Mathisen.
Nettbruken aukar mykje blant landets unge mellom 9 og 16 år og nokon ser på pc og tv opptil 40 timar i veka.
Mathisen kom også inn på bruk av mobilen i skuletida.
– Eg er så gamaldags at eg meiner barna mine ikkje har bruk for mobilen på skulen, sa barnefaren, og la til at det alltid er tilgjengeleg telefon på skulen om det skulle vere behov for det.
Så minna han om at eit filter på nettet er det så som så med.
– Det hjelper ikkje å kjøpe filter til pc når unge har smarttelefon også. For der er det ikkje filter. Eit filter i hovudet og hjartet er det beste.

Øydeleggjande

Elles oppmoda Mathisen foreldra til å vere bevisste på at ved å leggje ut ting på nettet kan det ta av.
– Alle veit me ikkje skal leggje ut bilde av nakne barn, likevel gjer me det. Bilda kan hamne all verdas stader. Og barn heilt ned i 3. klasse legg ut bilde av seg sjølv og spør: Er eg fin? Dessutan kan ein mann på til dømes 40 år lure tiåringar til å sende nakenbilde. Det gjer ikkje barna mine, tenkjer du. Å jau då, sa Mathisen om kva som kan skje sjølv om foreldra er aldri så godtruande.
Mathisen minna om at bilde blir liggjande på nettet og kan vere øydeleggjande for resten av livet. Det er nettsider som kan gjere kva dei vil med bilda når dei fyrst er lagt ut der.
– Kor mange av dykk leste vilkåra på Facebook før de svara ja? Å finne bilde der frå den siste festen …,sa Mathisen, og minna om at det ikkje er lov å leggje ut bilde av andre utan løyve.

Digital mobbing

Mathisen fortalde at digital mobbing skjer heilt ned i 3. – 4. klasse. Det er lettare å mobbe anonymt der enn elles, og det kan skje raskt og nå mange kvar og når som helst. Døme på mobbearenaer er Facebook, Youtube, Twitter og Instagram.
– Krenkinga blir ofte kjent i skulemiljøet, kan halde på og er vanskeleg å fjerne. Fleire nettsider brukar bilde av mobbing, sa Mathisen.
Han fortalde om ein 13-åring som blei hengt ut på ei nettside og etterpå tok livet av seg. Det har også vore andre tragiske tilfelle blant ungdom etter mobbing.
– Spør ikkje barna bare om dei blir mobba, men om dei sjølv gjer det. Ta all mobbing på alvor. Bry deg, oppmoda Mathisen foreldra.
Visjonen til Barnevakten.no er at barn og unge skal bruke mediene på ein trygg og bevisst måte. Årleg møter organisasjonen 25 000 foreldre og minst 20 000 elevar rundt i Noreg. Eit råd dei vaksne får på samlingane er at ein på foreldremøte blir einige om nokre felles retningslinjer for mediebruk blant dei unge.
– Det er viktig å lære barn og unge å setje grenser for seg sjølv og andre. Er dei på web-kamera, snakk med dei om trygg og ansvarleg bruk. Ha tillit og dialog med barna, og bry deg, avslutta Mathisen det godt besøkte foreldremøtet for nissedølane.