SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Lyspunkt for nye tunellar

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa bruke pengar på å planlegge nye tunellar på Haukelifjell.


Ufs/Espelid
vtb@vtb.no

I forslaget til det fyrste statsbudsjettet regjeringspartia Høgre og Frp la fram i går, er ynsket å bruke 54,6 milliardar kroner på veg og jernbane neste år. Det er ein auke på 10,6 prosent frå årets budsjett.
– Det er gledeleg å sjå at tunellen Århus–Gvammen er i rute med løyvingar, og opning for trafikk der skjer i 2019, seier Solveig Sundbø Abrahamsen.
Ei anna investering som alt er slått fast som gledeleg for E134 er avsette pengar til å ordne opp i fire problemstrekningar frå Seljord til Åmot. Anleggsarbeidet startar i april 2015.

Må gjere noko

Noko som er heilt nytt i framlegget til statsbudsjett er at regjeringa vil setje av pengar til planlegging av E134 over Haukeli, og då snakkar me nye tunellar.
– Det er veldig bra at det blir sett av pengar til planlegging. Eg jobbar for at E134 skal bli ein av hovudvegane mellom aust og vest, og då er planleggingspengane frå regjeringa eit godt signal om at så vil skje, seier Abrahamsen.
Totalt set regjeringa av 600 millionar kroner til planlegging av vegar i Noreg i 2015. Vegvesenet skal fordele midlane seinare.
– At regjeringa seier det skal brukast planleggingspengar på Haukelifjell er eit signal om at me er nøydd til å gjere noko med tunellane på Haukeli, seier telemarking og statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i Samferdselsdepartementet.

Skjønnar dilemmaet

Fylkeskommunen i Telemark kan få 113 millionar kroner til fylkesvegane neste år som rentefritt lån. Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) sa i VTB tysdag at ein heller må få friske pengar til ein fylkeskommune med stor nok gjeld. Me spør Hoksrud om han før posisjonstider ville ha gått inn for eit slikt veglån som politikar i eit gjeldstyngda fylke?
– Eg skjønnar at det er eit dilemma med stor gjeld. Men det er dumt å ikkje nytte seg av moglegheita med gratis rente. Det blir litt slik, fylkeskommunen får heller betale tilbake veglånet når dei har råd til det og sjå på løysingar for å få det til, svarar Hoksrud.

Meir til vedlikehald

Noko han trur i alle fall vil gle fylkesordføraren, er at regjeringa i tillegg føreslår 54 friske tilskotsmillionar til fylkesvegane i Telemark neste år.
– Det må jo vere bra. Eg vil utfordre fylkesordføraren på å bruke nokre av desse pengane på Birtedalsvegen, for det er ikkje mange stader det er dårlegare fylkesveg, seier statssekretæren.
Elles fortel han at regjeringa føreslår å auke potten til vedlikehald av riksvegane med 43 prosent frå i år.
– Pengane er førebels ikkje fordelt. Her kan det vere moglegheit for Rv41, seier Hoksrud, friskt i minnet septemberbesøket frå ordførarane langs stamvegen gjennom tre fylke.
Andre område innan samferdsel som vesttelane kan nyte godt av er budsjettforslag om 500 millionar kroner neste år til ny E134 ved Kongsberg. Vidare blir det sju gonger kvart døgn etter nyttår høve til å ta toget frå Bø til Oslo, eller omvendt. Det er tre fleire avgangar enn i dag på Sørlandsbanen.
Vidare føreslår regjeringa mellom anna at omregistreringsavgifta på bilar blir redusert med 35 prosent, og at årsavgifta på campingvogner blir fjerna. Eit anna innslag er vidareføring av dei årlege fire millionar kroner til vedlikehald av Telemarkskanalen.

Skattelette

Elles er forslaget innan elverk å ta bort tilskotet til utjamning av overføringstariffar, noko som gjer at Rauland kraftforsyningslag ikkje lenger vil få tilskot.
Abrahamsen fortel at regjeringa prioriterer skatt, kunnskap og samferdsel. Det vil mellom anna bli auka satsing på etter- og vidareutdanning av lærarar. Skatteletta inkludert reduksjon i formueskatten neste år er rekna til å bli over åtte milliardar kroner. Gjennomsnittleg skattelette for kvar person vil bli rundt 1600 kroner.
– Pensjonistane vil kome betre ut enn andre, hevdar Abrahamsen.

Ikkje overraska over budsjettet

– Statsbudsjettet for Telemark inneheld inga overraskingar. Det einaste må vera at det i stor grad er ei vidareføring av den førre regjeringas budsjett, med enkelte unnatak.
Det seier stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap). Generelt kommenterer ho:
– Statsbudsjettet er ei stor gåve til dei som alt har stor lommebok, stort hus og bur i store byar. Det er eit budsjett som vil føre til auka forskjellar, og der distrikta tapar mot byane. Det blir bruka alt for mykje pengar på alt for få.
Blant dei einskilde postane registrerer ho at kommunane i Telemark ligg an til å få rundt rekna 4,3 prosent auke i dei frie inntektene:
– Dette er lågare enn veksten for dei fleste kommunar i landet. Tek ein med at det er venta svikt i skatteinntektene for kommunane, er dette svært dårleg nytt for kommunane våre. Reelt sett snakkar me om kutt og eit stramt økonomisk opplegg for kommunane neste år.
Innanfor samferdselssektoren minner ho om at Bård Hoksrud (Frp) lova ei storstilt satsing langt over dei raudgrøne dersom dei fekk regjeringsmakt.
– Dette er ikkje mogleg å sjå att i forslag til statsbudsjett. Det var smart å fjerne bompengar, meinte Hoksrud, og lova at han ville stille ultimatum for regjeringsdeltaking. Sjølv om enkelte bompengestasjonar er fjerna, er det nye mantraet frå Frp i dag å krevje inn bompengar på ein smartare måte. Det er heilomvending, og står i sterk kontrast til det som vart lova, uttalar Vågslid.
Ho viser til at det som ligg inne på E 134 Århus–Gvammen er i tråd med Nasjonal transportplan (NTP) og handlingsplanen frå den raudgrøne regjeringa.
Fylkesvegane får 54 millionar friske pengar, og ramma til rentekompensasjon aukar til 113 millionar kroner.
Også her fylgjer regjeringa den raudgrøne vedtekne NTP 2014–2023, meiner Vågslid.
– Det er bra, men det hadde me også gjort. Og kritikken har vore til å ta og føle på kvart år frå Høgre og Frp i opposisjon når me har lagt fram NTP, så eg er overraska over at satsinga ikkje er kraftigare. Igjen overraskar det meg at me ikkje merkar at me har ein telemarking i Samferdselsdepartementet, ein som har hatt vegar som si fremste sak og blitt avbilda på mang ein veg så mange gonger, men ikkje fann rom for meir. For Telemark fylkeskommune, som alt har mykje gjeld, er ikkje dette ei stor gladsak. Eg trur mange som stemte på Hoksrud vil bli overraska negativt over dette, seier Lene Vågslid.
– Med samferdsel sin rettmessige del av regjeringas skattekutt på 8,5 milliardar kroner, kunne me fått til mykje meir. I Frps alternative NTP lova dei 455 milliardar meir i perioden. Skulle Frp ha følgd opp lovnadane sine, skulle samferdselsbudsjettet vore plussa på med 50 milliardar kroner bare i år. Det er fint at dei følgjer opp vår NTP. Men etter all kritikken me har vore utsett for frå Frp spesielt, er eg overraska over at dei ikkje la seg mykje høgare enn det dei faktisk gjer, legg ho til.
Framlegget om å auke med 160 millionar kroner til 350 nye politistillingar synest Vågslid er positivt. Ho varslar at Ap vil støtte dette.
– Eg er glad for at dei vil tilsette dei studentane me sytte for studieplass til i vår regjering, avsluttar Ap-representanten.