SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Den store vesle grenda

På litt over 20 år har hyttemarknaden eksplodert i Vågslid i Vinje. Det har gjeve arbeidsplassar, skapt liv i grenda og sikra busetjing.


Audny Barstad
audny.barstad@vtb.no

Vågslid er eit lita grend i Vinje, for sjølv om det er store vidder er det ikkje så mange fastbuande der. Rundt rekna er der 30 innbyggjarar, og grunneigarlaget har 9 medlemmer. Med 1100 hytter, og over 20 hytteforeiningar i Vågslid er ferierande i eit svimlande overtal i ferietida. Slikt gjev liv til grenda.

Avgjerande

Ei god stund var det bare ein fastbuande barnefamilie i Vågslid. Nils Vågslid og Kamilla Femtegjeld Aamyri bestemte seg for å flytte til Vågslid, og byggje seg hus. No er det tre familiar med barn i grenda, og borna pendlar ned til Haukeli for å gå i barnehage og på skule.
Valet om å busetja seg i Vågslid var medfødt for Nils.
– Eg er herifrå. Ein får ikkje andre til å busetja seg her, skøyar han.
Men mange, svært mange vil til Vågslid. I dag er det kring 1100 hytter i området, og det er stadig nye hytter på veg opp.
– Det har vore ei vanvittig utvikling, og det genererar enorme ringverknadar for næringslivet og samfunnet generelt. Det kjem alle til gode, seier Vågslid.

Betydde heimkomst

Framgangen i hyttemarknaden gjorde at Nils og familien kunne satse på å busettje seg i Vågslid.
¬ ¬ ¬– Eg veit ikkje om eg hadde budd her om det ikkje var for hyttebygginga. Eg var eigentleg i Haugesund og arbeidde i Nordsjøen. Så handla eg meg ei gravemaskin som eg bruka til litt oppdrag i fritida her heime. Det blei meir og meir arbeid, og til slutt bestemde eg meg for å satse, fortel Nils.
I dag driv han som entreprenør på heiltid. Hyttebygginga har ført til at andre bedrifter også har vokse fram.
– Dei fleste her oppe har ein arm inn i hyttemarknaden, seier han.

20 år i medvind

Vågslid har hatt hytter i fleire tiår, men det er etter år 2000 at utviklinga har vore eventyrleg.
– Då ein rullerte kommunedelplanen i byrjinga av 2000-talet trudde vel politikarane at ein hadde regulert så rikeleg til hyttefelt at det ville halde til evig tid. Men i 2008 måtte ein byrje arbeidet med ein ny og utvida plan, fortel Nils.
Rulleringa av kommunedelplanen har tatt tid, men i haust ser det ut til at arbeidet kjem i hamn. I fylgje arealplanleggjar i Vinje kommune, Lotte Næss, er i eksisterande kommunedelplan rom for ytterlegare 600-700 tomter, medan den nye planen vil sikre ytterlegare 400 tomter.
Det er viktig for utviklinga, meiner Nils.
– Folk vil ha gode tomter, og sjølv om ein har 200 tomter ledige så er det nokre ein ikkje vil få selje så lett. Då er det viktig å ha nok tomter ledige for å halde trykket oppe i marknaden, seier han.

Ikkje bare glede

Området har hatt voksesmerter, og det er ikkje alltid infrastrukturen har halde tritt med hyttebygginga. Både straumnettet og reinseanlegget har vore ei utfordring.
Og planar om nye hytter og hyttefelt blir ikkje sett på med glede frå alle. Prostestar mot den nye kommunedelplanen har kome frå fleire hald, også frå hytteeigarar. Særleg har det vore mykje motstand mot å endre reguleringa på andre sida av Vågslidvatn.
–Hytteeigarar er gjerne fornøgde med sin eigen prosess når dei set opp ei hytte, men når den er på plass vil dei helst ikkje at det kjem naboar, og endringar i turterrenget er ikkje populært. Men det er enorme friluftsområde her, bare tenk på Hardangervidda. Så hyttene er eigentleg spreidde over eit lite område i forhold, meiner Nils.

Unik løypeordning

Men samarbeidet mellom grunneigarlaget og hytteeigarane meiner han er svært godt. Det er 6 mil med oppkøyrde skiløyper i Vågslid vinterstid, og det er mykje på grunn av det gode samarbeidet.
– Me har ei unik ordning her i Vågslid, og eg kan ikkje få fullkyte hyttefolket. Samtlege foreiningar betalar frivillig inn til løypekøyring, og saman med tilskot frå kommunen og organisering frå grunneigarane sikrar det eit godt tilbod, skryter Nils.

Ikkje slutt

Trass kolonnekøyringar over fjellet på vinterstid er det vestlendingar frå Haugalandet og Stavanger som vel å handle seg hytte i Vågslid. Gjennomsnittsprisen på ei hytte i dag ligg på mellom 2,5 og 3 millionar kroner. Og salet går godt, trass spådomar om at hyttemarknaden kjem til å stagnere.
– Med nye tunellar over fjellet blir dette området endå meir attraktivt for område som til dømes Stavanger. Der er det mykje folk og ein større marknad. Vågslid fylgjer ikkje påstanden om at det skal ta slutt. Ein selde godt med tomter her under finanskrisa, seier Nils.

Trivst på toppen

Åge og Karin Skyer bygde si hytte i Vågslid på byrjinga av 90-talet. Sidan då har området forandra seg enormt.
Åge og Karin Skyer er mykje på hytta si i Vågslid. På toppen av Skarahaugen bygde dei saman med tre andre hytter i 1991, og i dag brukar både barn og barnebarn hytta jamleg.
– Eg har vore her i området sidan eg var gutunge. I mange år leigde me hytte her. Det var naturen som trekte, og sjansen til å gå turar i fjellet. Eg trur me har vore på alle toppane som er her, seier Åge.
¬ – Her treng ein ikkje gå på same turen kvar dag, seier Karin.
Hytta er ei Buen-hytte og sjølv om det ligg fire hytter samla på toppen, har området førebels vore skjerma mot større hytteutbygging rundt seg.
– Då me bygde fekk me bare lov til å ha eitt hus på plassen, og hyttene skulle ikkje vera så store. Ein fekk ikkje setja opp eit skur ein gong, fortel Åge.
At Vågslid har blitt ei så stor hyttegrend dei siste hadde dei ikkje sett for seg.
– Det er heilt utruleg det som har skjedd dei siste åra, seier Karin.
Men dei har ikkje merka mykje til utbyggingane ana enn anleggstrafikk, og nokre fleire turgåarar rundt hytta.
– Før kunne ein sjå reinsdyr innmed hyttene her oppe. Det gjer me ikkje lenger no. At det blei sett eit skitrekk på den høgaste toppen synest eg også er trist. Slikt set djupe spor i naturen, men det er slik utviklinga har blitt, seier Åge.
Tanken på at området rundt hytta kan få fleire hytter rundt seg er dei litt bekymra for.
– Me skulle vel gjerne vore forutan, men samstundes kan ein ikkje stoppe den utviklinga som er. Turistane vil jo ha det slik, ser dei.
– Me er jo skikkeleg privilegera som er oppå her, seier Karin.
Dei understrekar også at dei har eit svært godt naboforhold til dei fastbuande på Arbutun.
Ekteparet Skyer er begge pensjonistar og brukar hytta mykje i helgene og feriane. Etter litt finrekning kjem dei fram til at det er godt over 50 liggedøgn i året, kanskje opp mot 100 om ein tek med familien elles.
Med 7 sengeplassar, strøm og snurredo held hytta meir enn nok for familien medrekna to søner og seks barnebarn. Og ligg ein på toppen av haugen er ein sikra sol heile året. Men ein får vinden med i tillegg. Det er heilt greitt.
– Me har ikkje måka taket her nokon gong. Det ordnar naturen, ler Åge.