SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Økonomiplanen sprakk

I Nissedal rekna ein med at innføring av eigedomsskatt skulle vere med og gje eit overskot på 1,4 millionar kroner i 2015. Etter at rådmannen har summert drifta for neste år, mangla det plutseleg 3,3 millionar kroner.


Geir Ufs
geir.ufs@vtb.no

Budsjetthausten i fjor var svært vanskeleg i Nissedal kommune, og det enda med at kommunestyret vedtok å innføre eigedomsskatt på alle hus, hytter og næringa i kommunen. Vedteken økonomiplan viser at ekstraskatten skulle gje fem millionar kroner meir i kommunekassa frå 2015, i eit år ein rekna med eit overskot på 1,4 millionar kroner.
På eit kommunestyremøte nyleg presenterte rådmannen forslaget til budsjett for neste år, og det var nok fleire som skvatt til då det kom fram uventa tal. Innleiingsvis var overskotet på 1,4 millionar kroner snudd til ei underdekning på 3,3 millionar kroner om ein vidareførte økonomiplanen slik han var vedteken, og fylgde opp ulike politiske vedtak.
– Dette er eg svært lite fornøgd med, seier ordførar Halvor Homme om minustalet.
Det er nærliggjande å spørje økonomisjef Jarle Bruun Olsen om økonomiplanen er skivebom?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Det skjer ein del ting gjennom eitt år som ein må ta omsyn til, svarar han.
Økonomiplanen la mellom anna opp til at inntektene frå konsesjonskraft ville gå ned med 700 000 kroner neste år, medan ein no får ytterlegare ein million kroner mindre enn venta.

Overskot

Rådmannen har etter tala kom fram gjort budsjettendringar som gjer at han til slutt i framlegget sitt har eit overskot på ein halv million kroner. For å kome dit har han mellom anna ført opp ein million kroner meir i eigedomsskatt enn fyrst tenkt.
– Uansett vil me liggje på nedste delen av skalaen, som er frå to til sju promille i eigedomsskatt, seier Olsen.
Elles får kommunen 100 000 kroner i ekstra utgifter neste år, fordi det blir ei 20 prosent stilling i samband med å ta seg av eigedomsskatten.
Rådmannen vil spare 80 000 kroner ved å ha barnehagane stengt heile juli.
– Sikkert litt interessant for publikum, og kanskje politikarane også, seier økonomisjefen om forslaget.
For å få heilårseffekt av skulefritidsordninga på Felle, må ein auke ramma med 70 000 kroner. Eit høgare tal på unge i barnehagane gjev nesten ein halv million kroner i ekstra utgifter for å oppfylle barnehagegarantien. Andre område som aukar er mellom anna kostnadene til legevakter, totalt 158 000 kroner. Dessutan er det tenkt 150 000 kroner for å få tilbake aktivitørstillinga på 30 prosent på omsorgssenteret. Vidare vil auke innan barnevern koste ein halv million, og same sum går til meir tiltak innan habilitering. Pensjonsutgiftene i kommunen sprett opp 700 000 kroner.

Kutt bare for i år

I fyrste halvår 2015 håpar ein å vere ferdig med eit nytt trimrom i fleirbrukshuset, ei investering ført opp med 2,9 millionar kroner. Årleg driftskonsekvens blir 124 000 kroner. Vidare blir det lånt 4,5 millionar kroner neste år til miljøretta helsevern for å rydde opp i merknader knytt til skulane, som til dømes å oppgradere skulekjøkken og sløydsal. I tillegg blir det sett av 200 000 kroner til radonutbetringar i kommunale bygg. Vidare må ein auke potten til økonomisk sosialhjelp med 150 000 kroner.
Ein del kutt som kom bare for i år, blir reversert. Frå neste år blir det ikkje lenger halv godtgjering, men full att for dei som sit i kommunestyret. Vidare blir det ikkje to månaders vårstenging av symjebassenget, og det kjem tilbake ein million kroner til å bruke ved behov for vikarhjelp. 174 000 kroner skal gå til å heve kompetansen til lærarane.
Ei omorganisering både i eining for helse og habilitering, og omsorg, gjev innsparing på 400 000 kroner. Tilsvarande ventar ein i meirinntekter på legekontoret som fylgje av fleire pasientar.
Etter planen skal formannskapet ha fyrste budsjettbehandlinga 6. november.
– Utfordringane i år blir nesten like store som i fjor. Budsjettet skal saumfarast, og det vil krevje mykje arbeid frå politikarane, seier ordførar Homme.