SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

UP tok 183 på E134

Utrykkingspolitiet (UP) aksjonerte med fleire patruljar på E134 i helga. – Dette er høge tal, og me vil visa at me er der, seier Andreas Rødø, distriktsleiar i UP.


Martin Årseth
martin.aarseth@vtb.no

Då haustferien starta i helga var UP på plass på E134 mellom Morgedal og Røldal. Heile 168 sjåførar fekk forenkla førelegg og 15 mista førarkortet mellom torsdag og sundag. Trass i at haustferien starta og det er jakttid, melder politiet at det var moderat trafikk over fjellet.
– Me veit at folk køyrer hardt over Haukeli, så me vil visa at folk kan verta tekne av politiet, seier Rødø.
Patruljane hadde kontrollar mellom Morgedal og Røldal, og var eit samarbeid mellom UP i Hordaland og Telemark. Kontrollen inkluderte både sivile og uniformerte patruljar. UP venta mykje trafikk i eit område dei veit mange køyrer fort, men å stogga 183 over fire dagar er likevel mange.
– Dette er ikkje tal me er begeistra over. Det er høge tal, og høgare enn vanleg, seier han.
For å mista førarkortet i 80-sone, må ein køyra i over 116 kilometer i timen. Sjølv om tala er ganske høge, endrar ikkje dette kontrollverksemda UP driv.
– Me har jamleg kontrollar i Haukeli, og det vil me halda fram med. Det spesielle denne gongen var at me samla fleire patruljar i ein aksjon, fortel Rødø.

Reddar liv

Ein mann i 20-åra frå Hordaland vart stogga ved Vågslid i Vinje for køyring i rusa tilstand.
– Det er viktig å luka slike trafikantar ut av trafikken, og me er glade for å gjera det. Då reddar me liv, seier Rødø.
Mannen hadde ikkje førarkort, og køyrde i 93 kilometer i timen i 80-sone. Eigaren av bilen, som var passasjer, vert politimeld for å ha overlate bilen til ein som ikkje fylte vilkåra for å køyra han. Det vart også gjort eit lite funn av narkotika i bilen.
Distriktsleiaren fortel at fleire vart stogga for å køyra med slitte sommardekk.
– Me veit mange vil unngå å kjøpa nye sommardekk før dei må skifta til vinterdekk, men det er farleg. Frosten kan koma kva tid som helst, og det var sluddbyer medan me var der oppe. Under slike tilhøve skal ein syna ekstra varsemd, men det var det fleire som ikkje gjorde, seier distriktsleiaren.
Distriktsleiaren oppmodar alle som skal over fjellovergangar til å leggja om til vinterdekk tidleg.