SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Rekordsommar for fjellturismen

Aldri har så mange teke turen med Fjellvåken. Og fleire turistar enn vanleg overnatta på Mogen. Årets sommarsesong slo alle rekordar.


Anne Sofie Tresland
anne.tresland@vtb.no

Rutebåten på Møsvatn, M/B Fjellvåken II, frakta i alt 7 141 passasjerar denne sommaren. Då er talet på turistar som deltok på guida turar til Hovden, samt passasjerar på enkelte andre transportoppdrag som båten hadde, irekna. Det fortel dagleg leiar i Rauland turist, Bjørn Gudmund Larsen.
Nesten ni hundre fleire enn året før har teke turen på Møsvatn denne sommaren. I fjor viste sluttalet at 6 285 hadde vore ombord, i 2012 6 185 og i 2011 5 291 menneske.
– Kva er grunnen til auken?
– Tilbodet har nok blitt betre marknadsført enn før. At dette var det tredje året med like rutetider kvar vekedag kan òg ha hatt sitt å seie. Dessutan har me fått eit betre bookingsystem, noko som har ført til stor vekst i sal på internett. Dette salet er auka med nesten femti prosent. I tillegg har nok det gode vêret også hatt sitt å seie. Me ser det er ein nedgang i passasjertalet dei dagane det er dårleg vêr, seier Larsen, som også har vore ein av i alt fem skipparar som har ført båten i sommar.

Halverer reisetida

Katamaranen, som er eigd av selskapet Fjellvåken AS, står no overfor ei større oppgradering. Tri millionar kroner skal brukast til nye motorar.
– Motorane i fartøyet er mogne for vedlikehald, og ein fann ut at dette ville bli ein stor kostnad utan at ein fekk auke farten. Med nye motorar vil reisetida på den nesten fire mil lange strekkja mellom Skinnarbu og Mogen bli redusert frå 2 timar til 1 time og 15 minutt, fortel Larsen.
– For mange er ikkje båtturen berre ei transportetappe, men like mykje ei oppleving. Er det så lurt å redusere reisetida?
– Når ein køyrer midtfjords ser ein mykje mindre enn om ein køyrer nærare land, slik båten kan gjera no. Dessutan må båten opp i fart for å få redusert drivstofforbruket, svarar Larsen, som også er dagleg leiar i båten sitt eigarselskap.
Erosjon langs strendene er eit problem på Møsstrond. Store bylgjer frå rutebåten kan vera med på å gjera skade. Dette vil betre seg med nye motorar.
– Med større fart vil båten liggje høgare i vatnet, slik at han kjem til å laga mindre bylgjer, forklarar Larsen.

Overnattings-topp

Talet på overnattingar på Mogen turisthytte runda to tusen denne sommaren. Telemark turistforening eig hytta som i alt har 48 sengeplassar fordelt på to-, tre- og firemannsrom. Det eksakte overnattingstalet enda på 2 016, medan det i fjor var 1 941 personar som låg over på hytta. For sommarsesongen 2012 viste talet 1 901, medan det i 2011 var 1 898 overnattingsgjester.
Vertskap på hytta, Kjersti Wøllo, fortel at auken kjem av at fleire reiser til fjells. Ikkje berre er talet på gjestedøgn høgare. Omsetninga har også auka kraftig. Auken har med fleire ting å gjera, meiner Wøllo.
– Prisauke er ein ting. Men dei gode resultata skuldast også at fleire har hatt lyst til å ta turen hit; både har fleire dagsturistar vore innom, og me ser at hyttenaboar i aukande grad tek turen hit. I det heile har mange fleire menneske vore innom fram til me avslutta sesongen med bryllaup i midten av september, seier ho.

Lokal mat

Om årsaka til auken er blesten om den gode maten på hytta skal vera usagt. Men i ei avstemming på nettstaden ut.no, som turistforeininga og nrk driv, blei Mogen turisthytte kåra til folkets favoritt i kategorien nydelegaste mat i konkurranse med andre av turistforeingas hytter. Hytta i enden av Møsvatn fekk 38 prosent av røystene, medan Besso kom som ein god nummer to med 29 prosent.
Kvar dag denne sommaren har dei tilsette på Mogen servert røyekaker til lunsjgjestene sine.
– Me prøvar å bruke så mykje lokal mat som me kan. Fisken får me frå Liv Åkre på Førnes og Astrid Neset på Haug. Og me brukar skotsk høglandsfe frå Halvor Lien på Vårli, legg ho til.

Fjellvåken AS

* Eigarar: Telemark turistforening med 35,86 prosent av aksjane, Næringsfondet for Tinn kommune med 31,6 prosent, Rauland turist AS med 31,6 prosent og Møsstrond bustadfond med 0,95 prosent av aksjane.
* Rekneskapen for i fjor viste eit resultat før skatt på 176 000 kroner og at selskapet har ein eigenkapital på 2 660 000 kroner.
* Dagleg leiar i selskapet er Bjørn Gudmund Larsen. Børre Christian Baardseth er styreleiar og Bjørn Svalastog nestleiar. Syremedlemer er Berit Stormoen, Kjell Ivar Brynsrud, Liv Bente Tvenge og Odd Solheim.
(Kjelde: proff.no)

Turistbåtane på Møsvatn

* Frå 1870-åra hadde Den norske turistforening robåt liggjande ved Holvik.
* Den fyrste rutebåten var «Møsvann» som blei sett i drift i 1910-1911.
* Frå 1912 har Skien-Telemark turistforening hatt båt i rute.
* Den fyrste bar namnet «H.C.» og var oppkalla etter brukseigar H. C. Hansen, som var den fyrste formannen i Møsvass-komiteen.
* Frå 1954 trafikkerte «H.C. II» den 38 kilometer lange vassvegen.
* Frå 1967 blei «Fjellvåken» sett i rute.
* Denne blei avløyst av «Fjellvåken II» i 2001.
(Kjelde: Boka Fjellbygdi ved Møsvatn av Øystein Kostveit)

Vertskap på Mogen

1892-1908 Gro og Kristoffer Mogen
1908-1937 Tone og Odd Killingtveit (Skeie)
1937-1954 Tone Killingtveit
1954/1968 Ragna og Halvor Skeie/Kristi og Eivind Lien
1974-1985 Gerd og Tore Lien
1985-1987 Tom Erik Bilstad
1988-1990 Annemor og Thorbjørn Solberg
1991-2006 Helga og Odd Gardsteig
2007- no Kjersti Wøllo og Petter Martinsen
(Kjelde: turistforeningen.no)