SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Veljarane sa i frå: – Me vil ha maktskifte

Etter 22 års samanhengande Senterparti-styre er det klart for maktskifte i Tokke. Arbeidarpartiets Hilde Alice Vågslid overtek klubba.


Anne Sofie Tresland
anne.tresland@vtb.no

– Det kjennest utruleg godt, seier Arbeidarpartiets toppkandidat Hilde Alice Vågslid, som innkasserte heile 45,7 prosent av røystene i Tokke. Det tyder at Ap hadde ein framgang på 8,9 prosent frå sist kommunestyreval.
I det me ringjer og gratulerer er ho akkurat i ferd med å kontakte Høgres Marie Seltveit. Høgre og Arbeidarpartiet har på førehand varsla at dei vil samarbeide, og spørsmålet er no korleis posisjonane skal fordelast. Det vil ikkje Vågslid seie noko om førebels.
– Dette skal me diskutere no og finne ei samarbeidsplattform, seier ho.
– Blir det feiring no?
– Ikkje så mykje, det er då arbeidsdag i morgon, seier butikksjefen på Coop Prix.
Som likevel smilande innrømmer å ha teke seg ein feriedag etter den spennande kvelden.

Sp mista tri

Tokke SV, som hadde eitt mandat i inneverande periode, greidde ikkje å stille liste ved dette valet. Det kan sjå ut til at desse veljarane har gått til Ap. Partiet gjekk fram med to mandat, frå 8 til 10. Eit solid val gjorde også Høgre, som aukar representasjonen frå eitt til tri mandat.
Taparen blei Senterpartiet som hadde ein tilbakegang på 11,4 prosent. Dei mista tri mandat og står att med seks, etter å ha hatt ordføraren i 22 år i strekk, no sist Olav Urbø som sat med klubba i sju år. Han overtok denne etter Birger Nygård som hadde hand om henne i femten år.
Orførarkandidat for Sp, Thor Arne Heggtveit, hadde håpa på eit betre resultat.
– På vegne av partiet er eg skuffa. Men eg er audmjuk for kva veljarane stemmer, kommenterer han valresultatet.
Både Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet hadde ein liten tilbakegang, men beheld ein representant kvar.

Færre røysta

Tokke er ein av kommunane som har behalde mange røystekrinsar. I alt ni vallokale var gjort i stand til valdagen. Både i Lårdal, Høydalsmo, Eidsborg, Byrte, Mo, Dalen, Skafså, Åmdals Verk og Bandaksli var det høve til å gjera borgarplikta si for dei i alt 1.833 røysteføre personane i kommunen. Det er 53 færre enn ved førre kommunestyreval, i 2007. Då blei det talt opp i alt 1.346 stemmer, av dei var ti blanke. Frammøteprosenten var på 71,4, ein auke på 2,6 prosent frå kommunestyrevalet i 2003. Denne gongen blei det talt opp 1.316 røyster, noko som gav ein frammøteprosent på 71,8 – ein liten framgang frå sist kommunestyreval.
194 personar hadde denne gongen stemt på førehand. Det var litt fleire enn ved kommunestyrevalet i 2007 då det var avgjeve 167 førehandsrøyster, noko som utgjorde 12,5 prosent av godkjende stemmer totalt.