SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Kviteseiding deltek i Grand Prix

29. januar står metal bandet Susperia på scenen i Skien, og Håkon Didriksen (36) håpar kviteseidingane og vesttelane blir med på Grand Prix-festen.


Tone Tveit
vtb@vtb.no

– Eg flytta til Kviteseid tidlegare i år, men reknar meg sjølv som kviteseiding nå, smiler tribarnsfar, lærarassistent, sjølvforsvarinstruktør og bassist i metal bandet Susperia, Håkon Didriksen (36).
Det var etter eit besøk hos konas bror i Kviteseid at familien på fem blei merksame på at gardsbruket Lunde var til sals.
– Det var den flotte utsikten, me blei frelst. Me budde tidlegare midt i byen på Jessheim, så overgangen var stor og svært positiv, seier Håkon som nå jobbar som assistent ved Kviteseid skule og kona er tilsett som rektor ved Høydalsmo skule.
Førre veke blei det kjent at Håkon og dei andre medlemmene i metal bandet Susperia skal delta i Melodi Grand Prix (MGP).
– Eg håpar dette også engasjerer folk i Kviteseid, at det kan vere ein måte å vise fram den flotte bygda me bur i. At eg som lokalmusikar frå Kviteseid deltek i MGP må ein vel kunne bruke til god reklame for bygda og kommunen, smiler bassisten og er ikkje framand frå å få dei andre bandmedlemmene i Susperia til Kviteseid for å markere MGP-deltakinga.

Mangfaldig bakgrunn

Håkon, med sitt lange svarte hår og mørke klede, kler yrket som metalmusikar, men han er langt meir enn bassist i eit metal band.
– Då eg budde på Jessheim jobba eg mykje med barn og ungdom og eg er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, men eg har også utdanning innan ungskogpleie, og faktisk ein av få i Noreg som har eiga utdanning for bruk av motorsag, ler han.
Håkon har også maskinførarbevis og gått skule ved NISS i Oslo (Nordisk institutt for scene og studio).
– Eg har spela bass i 20 år, og i 1999 var eg med å starta Susperia, fortel Håkon.
Susperia er eit norsk melodisk death/trash metal band som brukar element frå blackmetal.

9. januar

Låta som Håkon og dei andre medlemmene i Susperia skal spele heiter «Nothing remains».
– Låta blir offentleggjort 9. januar, og eg kan love både trykk og ekte metal. Bandet vårt er ikkje knytt til ein politisk eller religiøst ståstad, og låta me skal framføre i MGP handlar om at «nå har du gått så langt i livet at det ikkje er noko å tape lenger», seier bassisten.
Han forklarar at bandet skriv tekstar som ofte handlar om kva ein gjer når livet er som mørkast.
– Når det er som svartast kan me leggje oss ned, det er lov å vere sårbar og ikkje orke ei lita stund, men så skal ein reise seg og gå vidare. Det er bandet opptekne av, seier Håkon.
Susperia har gjeve ut sju album sidan 2000, og på MGP prøvar dei for fyrste gong synth med på scenen.
– Me har fått med oss Øyvind Johan Mustaparta, som nå har gått ut av bandet Dimmi Borgir. Susperia har aldri hatt synth i bandet før, det blir spennande, seier Håkon.

– GP har endra seg

Ideen om å melde seg på til det komande MGP dukka opp i bryllaupet til trommisen i Susperia.
– Me snakka om å få til eit bidrag, men tida var knapp. Det var bare ei veke til påmeldingsfristen gjekk ut. Gitaristen og eg sette i gang, og laga grunngreia og blei i grunn meir og meir fornøgd. Låta er metal med folketonar, og eg meiner den er fengjande og det er 100 prosent Susperia. Det synest eg er kjempeviktig, seier Håkon.
– Kva meiner du?
– Det var nok av folk før som gjorde noko kommersielt for å lage ei GP-greie, men det trur eg folket gjennomskuar. MGP har gått frå å vere ei tabugreie til å bli ein meir seriøs musikk-konkurranse, seier Håkon.

Heimebane i Tyskland

Susperia er kanskje ikkje så kjente i Noreg, men store i England og Tyskland, og bandet ser sjølvsagt på deltaking i MGP som god marknadsføring både her i landet og utanfor landegrensene.
Og nettopp til Tyskland kan Håkon tenkje seg å reise, saman med dei andre medlemmene i bandet for å representere Noreg i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix.
– Då er eg sikker på at me hadde hatt god sjans for eit godt resultat. Me går sjølvsagt for siger, smiler han.
Men det er ein veg å gå for å stå på scenen i ein finale i Tyskland. Fyrst skal Susperia sanke nok stemmer i ein av tri delfinalar for å kome seg vidare.
– Det hadde vore veldig moro om kviteseidingane og vesttelane hadde møtt fram på delfinalen i Skien, smilen bassisten.