SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Straumleverandør i fjellheimen

Grunneigar Johan Benad Ugland på Austre Nape i Fyresdal har fått konsesjon for å bygge kraftverk som vil gje straum til 400 husstandar.


Geir Ufs
geir.ufs@vtb.no

I februar 2007 fekk Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) søknad frå Nape Kraft AS om konsesjon for å byggje Nape kraftverk i Sandvassåi i Fyresdal kommune. Området høyrer til kjempeeigedomen Austre Nape og ligg åtte kilometer inn i heia og aust for sentrum i Fyresdal. I søknadstida har bonde og forretningsmann Johan Benad Ugland i Grimstad overtatt eigedomen som er den største i kommunen.
Konsesjonssøknaden blei justert i juli i fjor mellom anna med tanke på fisken og miljøet. Inntaksdammen skulle flyttast 260 meter lenger ned i elva som renn frå Sandvatn.

30 liter i sekundet

NVE har no gjeve løyve til satsinga som vil gje ein produksjon på 7,6 GWh, tilsvarande straumbruken til rundt 400 husstandar. Konsesjonshandsamar ser at dei negative verknadene med utbygginga i fjellheimen i hovudsak er knytt til redusert vassføring, noko som kan påverke fiskebestanden og redusere verdien av elva som landskapselement. Det blir også ein del fysiske inngrep i terrenget som kan bli opplevd negativt i høve til friluftslivet.
– NVE meiner det vil vere mogleg å bøte på ein del av dei negative verknadene ved å sleppe noko vatn i elva og miljøtilpassing av dei ulike inngrepa. Nytten av tiltaket er større enn skadane og ulempene for private og ålmenne interesser, konkluderer NVE i det utbyggingsløyvet renn inn til grunneigaren.
Eit av vilkåra for konsesjonen er ei minstevassføring på 30 liter i sekundet, så lenge det naturlege tilsiget gjer dette mogleg. Ved inntaksdammen skal det monterast måleutstyr som registrerer minstevassføringa.

Fordel for kommunen

For tri år sidan uttala formannskapet i Fyresdal at ein ikkje har innvendingar til at det blir gjeve konsesjon for utbygging av Nape kraftverk.
– Kommunen ynskjer spesielt at det blir brukt lokal arbeidskraft og lokale leverandørar i samband med prosjektet, så langt desse kan konkurrere, bad politikarane. Dette har utbyggjar sagt seg samd i.
Fyresdal kommune vil få eigedomsskatt frå kraftanlegget, og summen vil starte på rundt 170.000 kroner fyrste driftsåret.

Nape kraftverk

Utbyggingskostnaden ved justert søknad i fjor var rekna til 28 millionar kroner, og det gjev ein byggjepris på 3,68 kroner per kWh. Kraftverket skal utnytte eit fall på 148 meter med inntak på kote 666 i Sandvassåi. Vatnet skal renne i ei 1.770 meter lang nedgrave røyrgate til kraftstasjonen ovanfor Napetjønn. Røyret er 90 centimeter i diameter.
I røyrgata blir det lagt straumkabel som vidare vil bli søkt ned i Sandvatn for deretter å gå fram til høgspentlina ved pumpestasjonen ved Rolleivstadvatnet. Kabelen vil bli 4.600 meter lang. Elles kjem det ein ny skogsbilveg på 400 meter ved Sandvassåi i samband med kraftutbygginga.
Nedbørsfeltet til kraftverket er på 38,4 kvadratkilometer. Det inkluderer Homvatn og Rolleivstadvatn som for ein del år sidan blei overført til Sandvatn.

Samarbeid

I lengre tid har vatn blitt pumpa opp frå Rolleivstadvatnet til Sandvatn. Der er det fall ned til Napetjønn og vidare til Napevatn (regulert mellom kote 512,13 og 487,13) der ressursen blir nytta av eit kraftselskap på Fjone. Pumpestasjonen frå Rolleivstadvatn til Sandvatn blei etablert i samband med bygginga av Fjone Kraftverk.
Nape Kraft AS er førebudd på å dekkje sin del av dei historiske anleggskostnadene frå byggjetida. Selskapet vil også betale anleggsbidrag til Vest-Telemark Kraftlag og Skagerak Energi i samband med at linjenettet må rustast opp. NVE slår fast at høgspentanlegg inkludert transformering kan byggast sidan nettselskapet for området har konsesjon.
Ved eit tidlegare høve fekk Vestfold Kraftselskap og Arendals Vasdrags Brugseierforening konsesjon for å byggje Napetjern kraftverk og løyve til å regulere Sandvassåi. Vestfold Kraftselskap sa frå seg konsesjonen i 1998.