SØKING
Søk i nyhetsarkivet:
Søk i epostkatalogen:
Søk i nettkatalogen:
INFORMASJON
Om V-T.net
KOMMUNANE
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje

Såg dagens ljos etter 35 år i vatnet

Laurdag blei ein 1957-modell Folkevogn buss heva frå Vråvatn. Bilen blei dumpa i vatnet i 1974 full av tomflasker og søppel. No skal den ein gong så staselege bilen setjast i stand att.


Stein Olav Lie
stein.olav.lie@vtb.no

Eigar og drivar av Vråliosen Hotell, Kåre Steen, kjøpte i rundt 1960 ny hotellbuss for å frakte turistar til og frå båttrafikken på Telemarkskanalen, i tillegg til å køyre sightseeingturar for hotellgjestene. Steen dreiv også med drosjer så bussen som var tri år gamal då han blei kjøpt gjekk også i drosjetrafikk.

Fin folkevognbuss

– Eg har køyrt den folkevognbussen mange gonger. Både med og utan kvinnfolk i, ler Tore Steen, son av Kåre som eigde hotellet den gong.
Folkevognbussen var raud og kvit på farge og hadde registreringsnummer H-70140.
– Eg minnest også at bussen blei bruka til å køyre hotellgjestene til Haukeli slik at dei fekk oppleve fjellet og vidda, hugsar Tore Steen som i dag er direktør på Hurdalsjøen Hotell og konferansesenter.
Han dreiv tidlegare Vråliosen Hotell etter sin far frå 1977 og fram på 80-talet, før hotellet blei kjøpt opp og omgjort til asylmottak i ein periode. Hotellet står i dag tomt.

Volkswagen-gal

I 2003 blei Morten Lund frå Lierskogen gjort merksam på denne folkevognbussen som hadde blitt dumpa i Vråvatn.
– Eg blei kjent med Magne Wraa gjennom jobben i Norconsult, og han kunne fortelje meg historia om denne hotellbussen. Same året, altså i 2003, fekk eg tak i eit par dykkarar som var ned og fant bilen. Dei filma han for meg, og eg bestemte meg då for å få denne opp av vatnet, minnest Lund.
– Men kvifor tok det ni år før du endelege fekk han opp av vatnet?
– Det var vel meir eller mindre tilfeldig, men i 2003 hadde eg ikkje tid eller høve til å hente han opp, så eg fann ut at bilen like godt kunne ligge under vatn som at han stod og rusta ein annan stad, smiler Lund.
Og Lund må seiast å ha ei viss interesse i folkevogner, eller Volkswagen som det eigentleg heiter.
– Vel, eg har 20 folkevogn-bobler frå 1943- til 1963-modellar. Eg har vel nærmare 20 folkevogner i andre variantar også, ler mannen frå Lierskogen.
Alt i alt har han rundt 50 prosjekt, der 5-6 er på vegen, medan enkelte av objekta truleg aldri vil oppleve å få skilt på seg.
– Kjekt å ha ein hobby, veit du, smiler Lund som også samlar på stein og sommarfuglar, i tillegg til å ha kone og fire born.

Vanleg å dumpe bilar

Årsaka til at hotellbussen blei dumpa skal visstnok vere at girkassa gjekk ad undas og at det blei for vanskeleg å stelle han.
– Det er fælt å tenkje på, men det var veldig vanleg at folk dumpa bilane sine på denne måten når dei på eit eller anna vis blei oppfatta som ubrukelege. Eg er viss på at det ligg uendeleg mange bilar på botnen av svært mange vatn rundt om i landet vårt, seier Lund.

Kraftig kran

Sist fredag kveld var tri dykkarvenner av Lund ned til det som var att av bilen og festa stroppar til han. Neste dag stod det ein kraftkar av ein kranbil klar til å lyfte bussen opp av vatnet.
– Denne krana er ein 100 tonnar med ein arm på 36 meter så me skal nok klare å få opp bilen, smiler sjåfør Jan Olsen som arbeider for Kranringen, Isak M. Nilsen.
Det samla seg mange skuelystne langs stranda laurdag føremiddag, og dei som var tålmodige fekk sjå at bilen vart heist på land rundt middagstider.

Ut med flaskene

– Me må tømme bilen for alle dei hundrevis av tomflaskene som ligg inne i han. Dei er fulle av vatn no, og gjer at bilen blir for tung å lyfte, slår Morten Lund fast etter at bilen kom till vassflata, men ikkje lenger.
Saman med kompis Torstein Amdal rodde han bort til bilen og fekk plukka ut nokre hundre flasker og anna skrot som var plassert i bilen.
Litt før klokka tolv var folkevognbussen plassert på bilhengaren til Morten Lund, og det var ein stolt eigar som kunne slå fast at det blir litt å pusle med i vinter om han skal få bilen i stand.
– Fyrst må eg seie at pulsen var ganske høg då eg venta på at bilen skulle kome over vassflata. Han er nok i dårlegare stand enn eg trudde, sjølv om han har lege på nesten 13,5 meters djup. Men bilen skal setjast i stand, og i haust kjem han inn i garasjen, seier Lund.

– Feste fisk i rattet

Men fyrst skal han ha med doningen på eit Volkswagen-treff komande helg, og Lund kjem ikkje til å gjere noko med bilen før det.
– Nei, eg skal berre tjore fast dørene på bilen, og så skal skrotet som ligg inne i bilen vere urørt. Eg er jammen til å lure på om eg skal innom butikken og kjøpe ein fisk som eg skal feste i styret også, ler Lund som vil at historia til bilen skal vere kjent.
Dykkarane hadde ingen problem med å finne bilen, og dei synest det var eit artig oppdrag å vere med på.
– Det er ikkje kvar dag me får vere med på å dykke etter slikt, og sjølv om det var dårleg sikt i vatnet var det ikkje vanskeleg å finne bilen. Men eg må innrømme at han såg finare ut under vatn enn han gjer på land, seier Steinar Jensen som dykka etter bilen saman med broren Kristian Fredrik og vennen Trond Halbo.