|
|
|
Oppgradering blussa opp etter brann
 Kai Halvor Juva med skjereslokkaren som høyrer til den nye brannbilen som mellom anna han og Tellef Eriksen har venta lenge på.
|
Skogbrannen på Felle mai-08 fekk verkeleg opp augo på mange kva elendig utstyr brannvesenet i Nissedal hadde. Kommunen svidde etterpå av ein god del hundre tusen kroner til ei oppgradering som kan vere med og redde liv. Geir Ufs geir.ufs@vtb.no Kvaliteten på utstyret i Nissedal brannvesen blei klaga på i årevis, men denne brannfakkelen førte ikkje til nødvendige pengar frå kommunebudsjetta.
– Det var nesten så ein var flau for å møte opp på brann, då ein ikkje visste om utstyret verka eller ei. Og ikkje var me sikre på om brannbilen starta heller, fortel Tellef Eriksen, ein av uttrykkingsleiarane og med ti år bak seg i det lokale brannvesenet.
Det toppa seg under den store skogbrannen på Felle mai i fjor. To av brannvesenets tri pumper gjekk sunde.
– Den tredje pumpa som er frå 1953, gadd me ikkje hente i Treungen ein gong, seier Eriksen og Kai Halvor Juva, ein av dei andre utrykkingsleiarane.
– Veldig rett utstyr
Men så byrja ting å skje. Som einingsleiar for teknisk drift i Nissedal kommune førebudde Juva ei sak til kommunestyret i junimøtet. Utgangspunktet var ny brann- og redningsbil som var ynskt i mange år. Kommunestyret løyvde 800.000 kroner til ein fint bruka brannbil i Sverige. I tillegg svidde politikarane av ein del pengar til oppgradering av utstyr.
– Me er i hamn med oppgraderinga, og utstyret er no på eit akseptabelt nivå, slår Juva fast.
Alle grendene i Nissedal har fått oppgradert utstyr som står montert på hengarar. Vidare slepp brannfolk no mykje tung bering når dei er på oppdrag, for det er kjøpt inn ein jernhest som til dømes skal frakte ei ny og kraftig pumpe. I tillegg blei tangvogna oppgradert, og det same skjedde med den gamle firehjulstrekte brannbilen som framover skal brukast ved eventuelle skogbrannar.
Halvparten av utrykkingane til brannvesenet handlar om sløkking, medan andre oppgåver til dømes er om det har skjedd forureining eller bilulykke. Varierande oppdrag gjer at den nye brann- og redningsbilen sklir perfekt inn i tenesta.
– Me føler brann- og redningsbilen er veldig rett utstyr for eit deltidsbrannvesen, seier Juva.
Einaste skjereslokkaren
I brann- og redningsbilen er det mellom anna bygd inn ein skjereslokkar, og slikt utstyr er kommunen aleine om å ha i Telemark, i fylgje Juva. Utstyret er ein høgtrykksskjerar med utgangsfart på 300 meter i sekundet. Tilføring av slipemiddel gjer at ein ganske raskt kan skjere seg gjennom så og seie alt, også stål.
Etter å ha kome gjennom veggen kan ein sende forstøva vatn inn i romet og kjøle det raskt ned. Eit fullt overtent rom med temperatur opp mot 600 grader, kan i løpet av eit par minuttar kome ned i 50 grader. Utstyret gjev dermed mykje større sjanse til å redde liv om ulykka er ute.
– Dessutan aukar det tryggleiken for mannskapet. Vidare har me ei vifte som raskt kan blåse ut den farlege røyken som oppstår ved brann, seier Juva.
Han fortel at brannvesenet alt har øvd ein del med skjereslokkaren, og utstyret er utruleg enkelt å bruke.
– Men det er eit våpen, så me må vere forsiktig når det er i bruk. Skulle det vere ein husbrann der det kanskje er folk innandørs, må me skjere høgt oppe på veggen. Er det glaskarm, nyttar me den, seier Juva.
Brann- og redningsbilen har alt utstyret ein treng ved fyrsteinnsats. I tillegg til det viktige utstyret som alt er omtala, er det mellom anna også kraftig klyppeutstyr og hjartestartar i doningen som i visse høve også kan kome til å vere til hjelp for nabokommunar om dei treng det.
|